19

mai

Å fotografere krig. Espen Rasmussen, Kristin Aasbø og Åshild Eidem

 

Foto: Espen Rasmussen

Fredag 19. mai kl. 19.00

Nokre av dei mest ikoniske fotografia i historia viser sigerherrar, sivile offer og bomba byar. Korleis har krigsfotografiet endra seg gjennom tidene? Og kva tenkjer ein fotograf når ho bevegar seg inn i eit krigsområde?

Fotograf, bildesjef i VG Helg og redaktør for Norwegian Journal of Photography Espen Rasmussen har vunne fleire norske og internasjonale prisar for sitt arbeid. I 2011 gav han ut boka «Transit» med fotografi av flyktningar og krigsherja land som mellom anna Syria, Afghanistan, Libanon, Georgia og Kongo. Saman med fotohistorikar Kristin Aasbø møter dei journalist og forfattar Åshild Eidem til samtale om historia og samtida til krigsfotografiet.

__________
I éin magisk augeblink stemmer alt: Lys, komposisjon og blikket til fotografen gjennom linsa går opp i ein høgare einskap og blir forvandla til noko anna og meir. Men kva er eigentleg det perfekte fotografiet? Og korleis har vårt blikk på fotografiet – og sjølve det fotografiske blikket – endra seg gjennom tidene?

Nasjonalbiblioteket forvaltar delar av den norske fotohistoria og har fleire millionar bilete i samlingane sine. I vår ser vi nærare på tre fotografiske sjangrar: krigsfotografiet, fotojournalistikken og fotografiet som kunstnarisk uttrykk.

26. april | Den aller viktigaste augeblinken. Kyrre Lien, Jonas Bendiksen, Andrea Gjestvang og Elli Trier

24. mai | Meir enn auget kan sjå. Per Maning, Eline Mugaas og Kåre Bulie

samlingen nettsidene