17

feb

Lyden av joik. Niko Valkeapää, Charlotta Kappfjell og Ola Graff

 

Fredag 17. februar kl. 19.00

Det er sagt at joik er som eit eige språk inne i språket; eit språk som gjev ei ordlaus forklaring på noko. Ein kan joike eit dyr, ein person eller eit landskap. Joiken er fleire tusen år gammal, og musikkforskarar meiner han er ein av dei eldste vokaltradisjonane i Europa. Kva særmerkjer han som musikalsk uttrykk?

Niko Valkeapää og Charlotta Kappfjell representerer to ulike joiketradisjonar. No møter dei professor og folkemusikkarkivar Ola Graff,som har forska på joik i ei årrekkje. Samtalen blir leidd av forfattar og journalist Kjell Bitustøyl.

samlingen nettsidene