20

mars

Frydefull frykt. Pål Sletaune, Viktoria Winge, Christer Bakke Andresen og Einar Aarvig

 

Fritt vilt. Foto: Fantefilm SF Norge

Måndag 20. mars kl. 19.00

Heilt sidan filmgrøssaren De dødes tjern i 1958 har nordmenn elska å bli skremde når dei går på kino. Kva er det med skrekkfilmen som lokkar så mykje? Kvifor er det så frydefullt å bli redd?

Regissør Pål Sletaune er ein av dei som har fått nakkehåra våre til å reise seg med filmar som Naboer (2005) og Babycall (2011). Skodespelar Viktoria Winge gav skrekken eit ansikt før ho døydde ein blodig død i Fritt vilt (2006). No møter dei Christer Bakke Andresen, som har forska på historia til skrekkfilmen i Noreg, i ein samtale som blir leidd av filmmeldar Einar Aarvig.

samlingen nettsidene