Vårprogrammet i Nasjonalbiblioteket: Litteratur, røyndom, sommarpop og tapte filmar
19. april 2017

Opplesing frå Jens Bjørneboe sin upubliserte roman, Kjersti Skomsvold jaktar på Aksel Sandemose og Toril Moi undersøker språk og røyndom i Min kamp. Lars Lillo-Stenberg ser seg attende, Frida Ånnevik, Birgitte Grimstad og Lars Vaular snakkar om låtskriving, og nokre av våre fremste fotografar drøfter fotografiske sjangrar. Dette er noko av det du kan oppleve i Nasjonalbiblioteket denne våren.

Tidlegare i år lanserte Nasjonalbiblioteket serien «Upublisert», der ikkje utgjevne verk av kjende norske forfattarar blir henta fram frå arkivet. No er turen komen til Jens Bjørneboe og romanmanuset Skapsprengeren Manfreds oppstandelse . 6. juni blir eit lengre utdrag lese for publikum, etter ei innleiing av forfattar og dramatikar Demian Vitanza.

– Bjørneboe skreiv denne satiriske og samfunnskritiske romanen i kjølvatnet av ei rekkje større debattar han var engasjert i tidleg på 60-talet, mellom anna fengselsdebatten. Kriminalomsorga, pressa og makthavarane får alle passet sitt grundig påskrive, fortel programsjef Eline Skaar Kleven ved Nasjonalbiblioteket. 

– Delar av handlinga låg nær opp til kjende mediesaker i samtida, og eit ankepunkt frå forlaget var at den ramma verkelge menneske under «dekke av å være roman». Men det var Bjørneboe sjølv som til slutt valde å legge manuset til side, seier Kleven.

Jantelov og Min kamp
Må romanar vere fiksjon? Dette er eit av spørsmåla litteraturprofessor Toril Moi stiller i sitt foredrag om Karl Ove Knausgårds Min kamp den 22. mai. Her ser ho på korleis romanverket utfordrar dei etablerte dogma om forholdet mellom språk og røyndom.

I Nasjonalbiblioteket sin serie om gløymde forfattarar, «Fortidas folkelesing», har Kjersti Skomsvold no lese Aksel Sandemose for første gong. I sitt foredrag om jantelovens far den 13. mai prøver ho å finne mennesket bak dei mange mytane. Foredraget blir lansert som bok same dag.

Popmusikk og norske viser
Hytta til Lars Lillo-Stenberg i Kjerringvik er utgangspunktet for ein av dei rikaste låtkatalogane i norsk pophistorie. Kassettane som ble spelte inn der i 1985, dei såkalla Kjerringvik-demoane, ligg no trygt bevart i fjellet ved Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana. 11. mai snakkar Lillo-Stenberg med Audun Vinger om låtane som aldri blir gløymde og historiene bak.

Korleis står det til med den norske visa? Birgitte Grimstad har vore sentral på den norske visescenen i fleire tiår. 9. mai møter ho den yngre generasjonen ved Lars Vaular og Frida Ånnevik til samtale om låtskriving og visa sin posisjon i dag.

Det fotografiske blikket
Nasjonalbiblioteket forvaltar delar av den norske fotografihistoria og har fleire millionar bilde i samlinga. I løpet av våren kjem blant andre Jonas Bendiksen, Andrea Gjestvang, Kyrre Lien, Harald Henden, Espen Rasmussen, Per Maning og Eline Mugaas for å sjå nærare på tre fotografiske sjangrar: fotojournalistikken, krigsfoto og fotografiet som kunstnarisk uttrykk.

Tapte filmar i utstilling
På 1910-talet blei dei aller første spelefilmane produserte i Noreg. Av dei 19 filmane vi kjenner til, er berre tre nesten komplett bevarte.  Frå resten finst det berre fragment igjen; ein avisomtale, ein filmplakat, stillbilde eller ein tittel. No blir materialet etter dei tapte filmane å sjå i utstillinga Stumme filmspor. Norsk spillefilm før 1920. Til utstillingsopninga 1. juni kjem regissør Eskil Vogt, forfattar Rune Christiansen og filmhistorikar Øivind Hanche for å nøste i filmfortellingane.

I utstillinga Billedlig talt. Illustrasjonskunst fra idé til trykksom opna ved Nasjonalbiblioteket tidlegare i vinter finn ein både Sverre Malling sine skisser av Breivik under 22. juli-rettssaka og Finn Graff sin illustrasjon i debatten om seksuell legning frå 1996. Den 9. mai møtest dei til ein samtale om å illustrere røyndom. Utstillinga står til 13. mai.

Arrangement og utstillingar i Nasjonalbiblioteket er gratis og opne for alle. Alle arrangement blir strøymde nb.no/direkte.

Sjå heile programmet her.

Samlingen Nettsidene