Utstillingsopning i Nasjonalbiblioteket

Torsdag 28. februar kl. 16.00 opnar utstillinga Propaganda! Russiske og norske plakater 1920–1939 i Nasjonalbiblioteket

Det beste av russisk plakatkunst frå mellomkrigstida blir vist i Noreg for første gong på meir enn 80 år i Nasjonalbiblioteket si utstilling Propaganda! Russiske og norske plakater 1920–1939. Fleire av plakatane har aldri blitt vist i Norge tidlegare. Med i utstillinga er òg plakatar frå den norske arbeidarrørsla.

Utstillinga Propaganda! Russiske og norske plakater er snart klar! 

– Mange russiske plakatar frå mellomkrigstida blir rekna som døme på det aller beste innanfor internasjonal avantgarde, og vi er svært stolte over å kunne vise fram nokre av disse i Nasjonalbiblioteket, seier utstillingsansvarleg og kurator for utstillinga, Daniela Büchten.

Utstillinga viser 63 originale plakatar, mellom anna av Aleksandr Rodtsjenko, El Lisitskij,Valentina Kulagina og Gustav Klutsis. Det er første gong ei utstilling utanfor Russland viser ei så stor samling russiske plakatar. Plakatane er utlånte frå Russlands nasjonalbibliotek i St. Petersburg, og utvalet presenterer noko av det fremste innanfor russisk plakatkunst, frå konstruktivistiske form eksperiment til sosialistisk realisme frå 1930-åra. I tillegg viser vi nokre av dei viktigaste norske plakatane frå arbeidarrørsla, som tok opp i seg impulsane frå det sovjetiske plakatmediet.

– Vi er takksame for at Russlands nasjonalbibliotek i St.Petersburg har lånt oss disse heilt unike plakatane. Spesielt hyggeleg er det at nasjonalbibliotekar Anton Likhomanov kjem for å vere til stades på utstillingsopninga, seier Büchten.

Knapt noka kunstform stod sterkare i Russland i åra etter revolusjonen i 1917 enn plakaten. I tillegg til å vere eit massemedium for styresmaktene, blei plakatsjangeren ein sentral arena for den russiske avantgarden, som drøymde om ein kunst som batt saman form og funksjon, masse og elite.

– I Noreg blei kunstnarar, reklamefolk og politiske aktivistar inspirerte av dei sovjetiske propagandaplakatane. Det viser vi døme på i utstillinga, seier Daniela Büchten.

Det er 83 år sidan russiske plakatar sist blei viste i eit stort omfang i Noreg, den gongen i utstillinga Sovjetkonst i Kunstnerforbundet i Oslo og på Østkantutstillingen.

Utstillinga Propaganda! Russiske og norske plakater 1920–1939 kan opplevast i Nasjonalbiblioteket 28. februar–25. mai og blir deretter vist på Hå gamle prestegard 8. juni–25. august. I samband med utstillinga gir Nasjonalbiblioteket ut ei bok, som også fungerer som katalog for utstillinga, i samarbeid med Forlaget Press. Nasjonalbiblioteket vil dessutan produsere ein digital versjon av utstillinga som blir tilgjengeleg på nb.no.

samlingen nettsidene