Rekordstort besøk i folkebiblioteka i 2016
16. juni 2017

Med 24 millionar besøk blei det sett ny brukarrekord i norske folkebibliotek i 2016. Aldri før har det vore lånt ut meir skjønnlitteratur til barn og unge, og med 47 000 gjennomførte arrangement har aktivitetsnivået auka til nye høgder. Dette kjem fram i KOSTRA-statistikken som vart offentleggjort av Statistisk Sentralbyrå torsdag.

Kulturminister Linda Hofstad Helleland og direktør for Nasjonalbiblioteket, Aslak Sira Myhre. Foto: Nasjonalbiblioteket

– Dette er særs godt nytt og gledelege tal. Samla viser statistikken at norske folkebibliotek på ein god måte har møtt den nye mediekvardagen og dei politiske satsingane som ligg i den nye biblioteklova og Nasjonal bibliotekstrategi, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

Folkebiblioteka er det kulturtilbodet folk i Noreg nyttar seg mest av. Besøket aukar for fjerde år på rad, og med 24 millionar besøk har det aldri vore målt ei høgare tilstrøyming til biblioteka. I tillegg til at biblioteka trekk publikum til tenestene dei yter, har dei også blitt betydelege arrangementsaktørar med 47 000 gjennomførte arrangement i 2016.

– Aktivitetsnivået i folkebiblioteka er imponerande, og dette gjer resultat i form av ein stor auke i publikumstala, seier direktør for Nasjonalbiblioteket Aslak Sira Myhre.  – Med meir enn 1,1 millionar deltakarar på arrangementa nærmar biblioteka seg publikumstala til tippeligaen, seier ein svært nøgd Myhre.

Stor vekst i utlån til barn og unge
Barn og unge låner stadig fleire bøker, og det er utlånet av skjønnlitteratur som veks. I 2016 blei det lånt ut meir enn 7,5 millionar skjønnlitterære bøker for barn og unge, og dette er det høgaste talet som nokon sinne er målt i Noreg.

– For første gong sidan tidleg på 90-talet låner barn og unge no i snitt meir enn åtte skjønnlitterære bøker i året.  Dette syner at dei norske folkebiblioteka har lukkast i si sterke satsing på litteraturformidling til denne gruppa, seier Aslak Sira Myhre.
Utlånet av skjønnlitteratur til vaksne held seg  jamt med eit utlån på 4,9 millionar bøker. Tek ein med utlånet av e-bøker, er det jamvel ein liten vekst. Men utlånet av fagbøker fell både for barn og vaksne, noko Myhre meiner i stor grad skuldast at folk i større grad leiter etter faktaopplysningar på nettet.

Les meir om statistikken på bibliotekutvikling.no. Den samla folkebibliotekstatistikken blir offentleggjort i byrjinga av juli.

samlingen nettsidene