Oslo Kulturnatt fredag 15. september: Kult(ur)natt med Norske byggeklosser i Nasjonalbiblioteket
12. september 2017

På Oslo Kulturnatt fredag 15. september inviterer Nasjonalbiblioteket til gratis utekino med Pål Bang-Hansens Norske Byggeklosser frå 1972. Atle Antonsen, som er i gang med ein oppfølgar til filmen, møter Erlend Loe og Bent Bang-Hansen til samtale i Nasjonalbiblioteket før kultklassikaren blir vist under open himmel i Hydroparken.

Frå filmen Norske byggeklosser (1972).

Med eit parodisk blikk på byråkratiet, innpåslitne naboar og krangling med handverkarar, sette Norske byggeklosser den norske, husbyggjande folkesjela under lupa.

– Vi har møtt stor begeistring for at vi set opp denne filmen under Oslo Kulturnatt, seier programsjef Eline Skaar Kleven. – Filmen har ein eigen tilhengarskare av entusiastiske fans, og mange kan alle replikkane. Vi trur det blir stor stemning med utrop som «Mazda! Toyota!» rungande over Solli plass, avsluttar Skaar Kleven.

Pål Bang-Hansen kalla sjølv komedien sin «en parodi på Norge». Filmen tok utgangspunkt i ein laus idé: kva skjer når ein nordmann vil byggje eit hus? Svaret er: ingen ting går som planlagt.  Det gjorde det heller ikkje på filmsettet. Harald Heide-Steen Jr. blei sjukmeld fire dagar før innspelinga skulle starte, men Bjørn Sand gjekk inn i hovudrolla som Olav Femte på strak arm. På settet fekk staben improvisere fritt, også Rolv Wesenlund. Han spela heile åtte ulike karakterar i filmen, alle kalla opp etter dåverande regjeringsmedlemmar.  Norske byggeklosser blei ein publikumssuksess, og blir i dag rekna som ein norsk kultklassikar. Filmen er digitalt restaurert av Nasjonalbiblioteket.

Filmarkivar Bent Bang-Hansen har vakse opp både bak og på lerretet til Norske byggeklosser, med ei rolle i denne og fleire av filmane til Pål Bang-Hansen. I februar 2018 kjem oppfølgaren til klassikaren, der Atle Antonsen står for både manus og elleve av rollene. Antonsen er ikkje framand for å lage humor av tungrodd byråkrati, med tv-seriar som Etaten og NAV bak seg. Også Erlend Loe set ord på den sære norske folkesjela og byråkratiet, mellom anna i tv-serien Kampen for tilværelsen og romanen Fvonk. No møter dei tre Tonje Skar Reiersen til samtale, før det blir filmframsyning under open himmel.

I pausen kan du forfriske deg i Nasjonalbiblioteket sin nye Kafé Å i andre etasje, eller ta ein titt på utstillinga Stumme filmspor. Norsk spillefilm før 1920, som står fram til 30. september.

Både samtalen og filmframsyninga er gratis og ope for alle. Samtalen blir dessutan strøyma til heile landet på nb.no/direkte.

 

FREDAG 15. SEPTEMBER | KULTURNATT I NASJONALBIBLIOTEKET | PROGRAM

KL. 19.30 (inne på Nasjonalbiblioteket)
BYRÅKRATI OG BYGGJEKLOSSAR | Atle Antonsen, Erlend Loe og Bent-Bang Hansen
KL. 21.00
NORSKE BYGGEKLOSSER | Utekino i Hydroparken
Filmframsyninga blir flytta inn i Nasjonalbiblioteket dersom det regner.

samlingen nettsidene