Kulturnatt med Dizzie Tunes og Eldar Vågan
08. september 2016

Foto: Nasjonalbiblioteket

Dizzie Tunes minnest sine førti år som publikumsyndlingar og lyttar til albumet dei aldri gav ut, før det blir utekino og eit gjensyn med ablegøyene deira i revyfilmen Kjære lille Norge. Eldar Vågan frå Vazelina Bilopphøggers framfører eigne låtar og leilighetsviser frå arkivet. Dette kan du få med deg i og rundt Nasjonalbiblioteket på Oslo kulturnatt fredag 16. september. 

Tidlegare i år donerte Dizzie Tunes arkivet sitt til Nasjonalbiblioteket. No møtest Svein-Helge Høgberg, Tor Erik Gunstrøm, Einar Idland og Øyvind Klingberg for å sjå nærare på materialet og samtale om dagane med Dizzie.

– Dizzie Tunes har sjølve valt ut videoklipp, bilete og anna materiale dei ønskjer å dele med publikum på kulturnatta. Ekstra stas er det at vi får høyre låtar frå ei plate dei spelte inn, men aldri gav ut, seier programsjef ved Nasjonalbiblioteket Eline Skaar Kleven.

Dizzie Tunes starta som danseorkester heime i Skien i 1959 og spelte til slutt musikkrevyar for fulle hus heile 70-, 80- og 90-talet. I Einar Schankes film Kjære lille Norge gjev dei oss, saman med Arve Opsahl, Elsa Lystad og fleire, ekte revystemning frå Chat Noir i 1972. Det er duka for fargerik kabaret og leikne musikalske innslag på stort lerret under open himmel på Solli plass på kulturnatta.

Eldar Vågan syng som regel om livet ved Mjøsa saman med Vazelina Bilopphøggers. På kulturnatta framfører han både eigne låtar og viser frå Nasjonalbiblioteket si samling, før han samtalar med Kari Slaatsveen og forskingsbibliotekar Liv Kreken. Denne kvelden handlar det om leilighetsviser, viser nokon har skrive til spesielle høve.

– I Nasjonalbiblioteket har vi haugevis av slike viser, ført i pennen av kjende forfattarar og glade amatørar, skrivne til bryllaup, firmafestar, jubileum eller ein polekspedisjon. På kulturnatta vil Eldar Vågan framføre leilighetsviser av både Prøysen og Petter Dass, og vi tek føre oss viser om alt frå Nittedalsmordet til då Hjallis fall på isen, fortel Liv Kreken. 

I pausane kan du forfriske deg i Nasjonalbiblioteket sin popup-bar eller ta ein titt på utstillingane Jakten på skjønnhet og helse og Nora around the World.

Alle arrangement og utstillingar er gratis og opne for alle. 

samlingen nettsidene