Film frå første verdskrigen på nett
13. mars 2014
Av: Randi Østvold
 

Medan krigen raste på kontinentet, var ein i Noreg mest oppteken av å halde seg nøytral. Dei norske filmane frå denne tida i Nasjonalbiblioteket si samling handla mellom anna om vintersport, fotball og segling, industribygging, fiske og kvalfangst. Dessutan feira vi dengang som no grunnlovsjubileet, med film frå jubileumsutstillinga på Frogner.

1.mai 1917 ved Tofte og Sagene.
Fane med parolen “Ned med krigen & dyrtiden”

Arbeidet som Fritjof Nansen gjorde for krigsofra finst og på film frå 1920-talet. Men det finst og nokre norskteksta internasjonale filmaviser som rapporterer frå krigshendingane. Alle desse filmane, saman med materiale frå 25 andre europeiske filmarkiv, er digitaliserte og gjort tilgjengelege gjennom prosjektet EFG1914 på portalen European Film Gateway. Via portalen finn ein 650 timar film, 5600 fotografi, sensurkort, plakatar og tekstdokument; alt utgjer eit unikt kjeldemateriale som til dømes kan til brukast i forsking og undervisning.

Filmane høyrer til ulike sjangrar:  dokumentarfilm, fiksjonsfilm, propagandafilm, vekerevyar, filmaviser og antikrigsfilm. Livet i skyttargravene, sensur, kontroll og propaganda, samt underholdning i kinoane under krigen er nokre av temaa i filmsamlingane. Ei virtuell utstilling framhevar det eineståande materialet, og gir ei betre innsikt i ikkje berre krigshendingane, men og i filmindustrien på denne tida.

Søk i portalen og sjå filmane på nettsidene til dei einskilde partnarane

Eit lite utval av filmar frå filmarkivet i Nasjonalbiblioteket:

1.mai 1917 ved Tofte og Sagene

Jubileumsutstillingen på Frogner 1914

Porsgrunds cementstøperi AS

samlingen nettsidene