Kommunaldepartementet lyser ut midlar i programmet «Saman om ein betre kommune». Programmet støttar lokalt utviklingsarbeid knytt til sjukefråvere, kompetanse og rekruttering, heiltids/deltidsproblematikken og omdøme.
Denne gongen vil det og rette merksemd på innovasjon og fornying. Dette er viktig for berekraftige kommunale tenester i framtida. Det handlar til dømes om korleis ein organiserer tenestene, bruk av ny teknologi og samarbeid med pårørande, frivillig sektor og andre. Programmet skal medverke til nasjonal fornying. Mellom anna skal ein systematisere ny kunnskap frå dei lokale tiltaka slik at andre norske kommunar kan hente inspirasjon og lærdom.
Deltakarkommunane får tilgong til ressursmiljø og eit fagleg fellesskap med andre kommunar. Det er også aktuelt med økonomisk støtte til prosjektarbeidet.
Fristen for å søkje er 30. september 2012. Det er mogleg for fleire kommunar å gå saman om prosjekt og fremje felles søknad. Søknaden skal fyllast ut etter ein oppsett mal som er tilgjengeleg på nettsidene til ”Saman om ein betre kommune”. Her ligg også oversikt over deltakarkommunar frå første pulje.
Oppstart for pulje to er sett til første halvår 2013.
- Bibliotekene får 1,9 millioner til Den kulturelle nistepakka
- Spill for demente
- Prosjektmidlar: «Saman om ein betre kommune»
- Barnebokdager på Gjøvik
- Litteraturhusbibliotekene mer aktive
- Dialogmøter med fylkesbibliotekene og UH-bibliotekene
- Utvalgte bibliotek i Troms bygges om
- 21,5 millioner deles ut til bibliotekutvikling
- Rom for deltakelse åpnet i Nedre Eiker
- SLQ nr 4/2012: “Libraries support reading skills”
- Bibliotek i badedrakt
- Biblioteklederkonferansen 2013
- Nytt NB21
- Les høyt!
- Leselyststrategi 2013
- Nyheter
- Helseinformasjon i folkebibliotek
- SLQ nr 1/2013: School libraries on the agenda
- E-bøker og bibliotek
- Forslag til ny biblioteklov
- Forslag til ny biblioteklov i Sverige
- [tab] take-away bibliotek
- Popkult Drammen
- Penger til bibliotek og lesing i revidert statsbudsjett
- Hele Rogaland leser i 2013
- Lansering av PhD on Track - verktøy for ph.d.-kandidater
- Bli en del av Læringsdagene 2013
- Utlysning av prosjekt- og utviklingsmidler for 2014



